onsdag 27. mai 2009

..bare en dag..


Noen dager er - andre dager er ikke.. og i dag har liksom bare kommet og gått uten at noen oppdaget det. Kom aldri i gang, humøret har vært mildt sagt ustadig, tårene har trillet litt og jeg kom i skade for å skjelle ut en stakkars support-fyr som rett og slett bare "var der".
Jeg er sliten - mer er det ikke å si om saken!

Leste et så innmari fint dikt i dag som jeg velger å avslutte dagen med.

Det er kveld, eg står ved senga til guten min.
Eg undrande ser, er du sovna alt, sovna
før eg rakk inn å be kveldsbøn med deg
og seia godnatt?
Det er berre ei lita tid sidan du ropa:
"Kom inn til meg mor,
det er noko eg vil seia deg".

Røysta mi var vel litt trøytt, litt hard,
då eg svara: "Ja, vent no litt.
Eg lyt rydda etter deg først".
Der låg leker og bøker og klær overalt.
Eg rydda og kav, "Sjå no er eg ferdig,
no kjem eg til deg".

Då svara du ikkje, nei for du søv.
Eg vart så liten, så fattig, så veik.
Her eg står ved du kvite seng,
du trudde vel det no at mor deg sveik.
Kvifor gjekk eg ikkje med det same du ropa?
Eg kunne vel rydda etterpå då du var sovna.
No fekk eg ikkje veta kva det var du ville.

Var du sorgfull for noko, eller glad?
Skulle du fortelja om den vesle daude
fuglen du fann på vegen,
eller kor katten gjekk hen
då du let han ut i stad?
Skulle eg fortelje om engler, om himlen,
eller om stjerna som tindra so klårt?
Eg får kje veta det no, du søv.

Snart er du stor, vert vaksen, fer ut.
Du treng ikkje ropa på mor.
Du er ikkje lengre min vesle gut, eg veit vel knapt
kvar du for, her eg sit aleine i stova.
Ho er fjelga og fin no.
Der ligg ikkje leiker og sleng.
Då tenkjer eg vel: Kvifor masa eg slik?
Kvifor hadde eg så lita ei tid?
Kva gjorde vel rotet mot det å få kjenna
to barnearmer om halsen min,
og ein munn så varm imot øyra kviskra:
"Mor eg er guten din".

Eg luter meg ned.
Då ser eg ein tåre som ligg her på kinn.
Ho bivrar og skjelv før ho renn.
Eg stryk deg så fint over luggen din.
"Tilgjev meg, guten min".
Då våknar du brått og sler auga opp.
Du dreg meg så fast ned til deg.
Og munnen kviskrar mot kinnet mitt:
"Eg er så glad i deg mor, det var det eg ville seia deg."

Ingen kommentarer: